Leige

Ingebrigt Davik-huset kan ein bruke til dei fleste typar arrangement: Frå åremålslag til bryllaup, konferansar, messer og konsertar. Vi har 4 salar til utleige.

Storsalen

DSC6816.JPG#asset:221

Storsalen er Ingebrigt Davik-husets største sal. Det uttrekkbare amfiet her har plass til 310 personar. Ved flat sal med småbord får ein plass til 150-200 stk. Med berre ståplassar kan salen ta opp til 600 personar. Salen er utstyrt med eit godt lyd- og lysanlegg, og har også ei mobil scene der størrelsen kan tilpassast etter behov. Salen eignar seg for så vel konsertar, førelesningar og seminar som fest og moro.

Kinosalen

kinosal3.JPG#asset:222

Forutan filmvisningar egnar kinosalen seg fint til mindre møter og seminar. Det er plass til 101 personar i amfiet. I tillegg til prosjektor kan ein her nytte eit enkelt lydanlegg for tale.

Konferansesal

idhuset-konferansesal.jpg#asset:219

Dette er huset sitt konferanserom. Rommet er lyst og åpent, og egnar seg godt for seminar og møter. Ved klasseromsoppsett får ein her plass til 60 personar. Rommet er utstyrt med prosjektor, lerret og eit enkelt lydanlegg. Side om side med konferanserommet ligg fullt utstyrt kjøkken.

Kulturstua

idhuset-kulturstua.jpg#asset:220

Eit intimt lokale for mindre konsertar og andre typar offentlege og lukka arrangement. Her er det plass til omkring 50-70 stk i sofagrupper og enkle stolar. 

Andre rom

Foajé

idh-foaje.jpg#asset:286

Kiosk

idh-kiosk.jpg#asset:287

Musikkrom

idh-musikkrom.jpg#asset:288

Dokument:

For booking ta kontakt med Tove-Laila Bjerke på telefon 90 81 38 06 eller e-post tove-laila@idhuset.no. Sjå under for vilkåra som gjeld ved leige av lokale og utstyr. Om du er usikker på kva slags lokale som eignar seg best for deg, ta gjerne kontakt for ei omvisning!

Utleige av teknisk utstyr

Ingebrigt Davik-huset leiger i nokon grad ut utstyr til eksterne arrangement i kommunen. Her gjeld følgjande reglar:

  • Avtale om utleige og kontrakt må skrivast minimum ei veke i førevegen.
  • Depositum skal betalast ved utlevering av utstyr. Beløpet er avhengig av kva som leigast ut.
  • Ved skade/tjuveri er leigar erstatningspliktig.
  • Våre scenemodular leiast ut til 50,- stk. 
  • Teknisk ansvarlig møter lånetakar personlig for utlevering og innlevering (samt sjekk) av utstyr.
  • Om du skal leige Storsalen og vil vite kva slags teknisk utstyr du treng til arrangementet ditt, kan du høyre med teknisk ansvarleg Amund Sæter på telefon 99 16 00 92 eller e-post amund@idhuset.no

Vi reserverar oss mot å leige ut utstyr som lett får slitasjeskadar.

Bevertning

Kulturkafeen kan levere kaffi, frukt, kaker og anna møtemat.
Ta kontakt på telefon 70 20 93 00, eller epost kulturkafeen@iss.no for bestilling.