Van Halen Tribute Band - VHTB

Om arrangementet

Haustens rockekonsert på Ingebrigt Davik-huset er herved servert! Van Halen tribute! Eit av verdas beste rockeband, med nokre av verdas beste og mest populære melodiar, Jump. Dette blir levert av nokre av dei beste lokale artistane vi har. Vi garanterar tøff musikk, god stemning og åpen bar!

Eddie Van Halen var og er utvilsomt ein av rockehistorias aller største gitaristar, og har vore eit stort forbilde for mange unge, håpefulle gitaristar frå slutten av 70-tallet og fram til i dag. Ein av de unge håpefulle var Ketil Strand, ein lokal gitarist som kanskje no for tida er kjent for alt anna enn utagerende gitarrock. Men han har faktisk ei fortid som langhåra heavyrockar! Da den triste meldinga kom hausten 2020 om at Van Halen var død, våkna den gamle heavyrockeran i Ketil Strand til live. Han bestemte seg for å realisere ein gammal guttedrøm og sette saman eit Van Halen-tributeband. Musikarane blei rekruttert frå øverste hylle; Børre Dalhaug (trommer), Bjørn Helge Lervåg (bass) og Svein André Riise (vokal). Det ville rett og slett ta for mykje plass å liste opp alle musikalske prosjekt og band denne gjengen er eller har vore med i, men alle som har fulgt med på både lokale og nasjonale musikkscener dei siste tiåra, veit at denne gjengen innehar rikeleg med musikalsk rutine og kvalitet. Noekre stikkord: Horizons Project, Brothers In Arms (Tribute to Dire Straits), Dream Theater Tribute, Legends of Valley Doom, The Real Thing, Boston Tea Party, Yee 'Ha Wanna Have A Baba (Baba Nation) – og lista kunne fortsatt veldig mykje lengre... No er det altså Van Halen som står for tur, der bandet setter hovedfokus på dei første seks albuma med originalbesetninga frå 1978 til 1984, før vokalist David Lee Roth forlot bandet. Lee Roth var viden kjent for sine vokale og akrobatiske krumspring på scena, men her har HMS-ansvarleg i tributebandet satt ned foten av sikkerhetsmessige hensyn. Kun musikalske krumspring er tillatt, men dei kan det til gjengjeld ventes fleire av!

Bandet har spelt fleire konsertar tidlegare både i Ålesund, Molde og Kristiansund, og har fått strålende mottakelse. Vi håper det samme vil skje i Brattvåg!

Kulturstova er åpen både før og etter konserten. Dørene åpnar kl 19:30.