Vamp
Billettar
Om arrangementet
Vamp kjem endeleg tilbake til Ingebrigt Davik-huset! Dei gledar seg, og vi gledar oss! Billettsalget er i gang.
I godt og vel tre tiår har dei levert hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela.
Dei har oppnådd massevis av heider og ære, m.a 5 Spellemannprisar, Prøysenprisen og Medaasprisen . Dei har gitt ut 18 album og selt over ein million plater.
Deira siste utgiving «Tiå det tar» fekk gjennomgåande strålande kritikkar og høge terningkast frå meldarane og nokon meinte til og med at dette er Vamps beste utgiving så langt.
Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei auser av på konsertane sine.
Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei auser av på konsertane sine.
Vi har open bar oppe i Kulturstova frå kl 18.00.