Den siste JÆVELUNGEN // Magnus Jackson Krogh

Om arrangementet

Velkommen til den aller siste forestillinga med suksessen "JÆVELUNGEN".

Etter 6 år på vegen - og over 240.000 sjåarar, er humorist og forfattar Magnus Jackson Krogh kommet til den siste kvelden. 

Magnus inviterer deg inn i ei humoristisk og rørande fortelling om sin oppvekst, ungdomstid, familie og skolegang.

Med ein god dose sjølvironi, politisk snert, minner frå 90tallet og betraktningar med ektefølt varme tar Magnus oss med på ei reise gjennom eit liv i einsomheit og tankekjør, kjærleik og håp(løshet).

Forestillinga «JÆVELUNGEN» blandar intelligent humor og personlege anekdoter frå ei ikkje unik historie.

Bli med inn i "Fredrikssons fabrikk" og "Nordkynmessa". Møte med Jahn Teigen, "Oluf" og andre som gav håp for framtida for 90-tallets barn og unge.

Her er det rom for både latter og ettertanke, med historier om alt fra eigen fødsel - til hans første barns ankomst.

"Helt i Norgestoppen" "Når skal denne fyren får sin egen NETFLIX-spesial?", "Dette traff virkelig alle nervetrådene i kroppen", "En virkelig gripende forestilling som på en klok måte tar opp viktige og vanskelige temaer".

Magnus Jackson Krogh er profesjonell og hjertevarm på ein gong. God timing med alvor og humor i si historie, byr på seg sjølv ut over manus.

«Jævelungen» er Magnus alter ego, i hettegenser og med historier som vil sjokkere og provosere deg. Magnus blei kalt «jævelungen» som barn, og no tek han eit oppgjer med si fortid.

Dette er ei forestilling som treffer både hjernen og hjertet – ikkje gå glipp av det.

Vi har eit begrensa antall VIP billettar til denne forestillinga. Her får du signert bok + sportsbag og ein pin(!!) med inkludert i billetten.


Kulturstova er åpne frå kl 18:00, og også etter forestilling.