U.L. Fram // «Sirkel av Liv»

Om arrangementet

Endeleg er den dyktige gjengen frå U.L. Fram tilbake på Ingebrigt Davik-huset, og vi gleder oss stort til å både sjå dei flotte skodespelarane, og songprestasjonane.

«Sirkel av Liv» er historia om løveungen Simba, som ein dag skal overta kongetronen etter sin far, Mufasa.

Dette til stor glede for alle i løveriket, unntatt hos Scar, Mufasas onde bror. Saman med hyenene, legg han ein skummel plan for å ta over som konge i løveriket.

 

Kom å bli med på denne storslåtte musikalen av Juniorgruppa i UL Fram, med songar, action og humor som vil fengje både liten og stor.

 

«Sirkel av liv» passer for heile familien.