UKM Haram 2026

Om arrangementet

Bli med og vis deg fram!

UKM Haram var tilbake igjen i 2025, og for eit forrykande show! Det var over 100 påmeldte og i salen satt det over 200 spente publikummarar. I år håper vi på eit like flott show! Har du noko du har lyst å vise fram? Eller kjenner du nokon andre som har noko som kan visast fram? Då er det berre å melde seg på!

UKM - Påmelding

Kva er UKM?
UKM står for Ung Kultur Møtast, og skal gi ungdom mellom år ein plass å vise fram det dei driv på med! Rockeband, dikt, trylling, triksing, song, hip-hop, dans, folkedans, teater, handarbeid, foto, design, - kan det visast fram på ei scene eller ei utstilling kan du delta på UKM! Du kan delta åleine, i lag med ein venn, eller i ei gruppe.
 
- Ein plass for å møte andre, ha det gøy, få inspirasjon, bli trygg, og øve seg på å stå på ei scene eller delta på ei utstilling. Ingenting er for bra eller dårleg til å delta!
 
- I Haram er påmeldinga open for ungdom mellom 10-20 år. Alle som deltar vil få tilbakemelding frå eit fagpanel, med råd og tips om korleis ein kan utvikle seg, - Nokre bidrag vil bli valde ut av fagpanelet til å representere Haram på ein fylkesfestival for Møre og Romsdal. Deltakarar som skal delta i fylkesfestivalen må fylle 13 år i 2025.


UKM er ope for publikum så sett av datoen og ta turen til Idhuset