The Real Thing

Om arrangementet

Vi bjudar på!! Betre souljazz finst ikkje! I storsalen blir det umoglege å sitte stille, når The Real Thing bjudar på med: Mmm... Ahh!!, Waffle Shuffle og Horsefeathers etc.

Sidan starten i 1992 (30-års jubileum 2022!) har The Real Thing spelt meir enn 1600 konsertar og solgt over 55 000 plater med hardtsvingande, orgelbasert souljazz, inspirert av storheiter som Jimmy Smith, Jack McDuff, George Benson og Wes Montgomery. Bandet som "aldri går av scena i tørr smoking" har opparbeida seg ein solid fanskare også utanfor jazzmenigheita. Organisten Palle Wagnberg, gitaristen Staffan William-Olsson, saksofonisten Dave Edge og trommeslagaren Hermund Nygård gledar seg til å fyre opp hammondorgelet, sjekke at sløyfa er rett og gyve laus på gammalt og nytt repertoar.