The Apprentice

Om filmen

Originaltittel: The Apprentice

Premiere: 2024-10-18

Varighet: 2t 2min

Sjanger: Drama, Biografi

Aldersgrense: 15 år

Originalspråk: Original

Regissør: Ali Abbasi

The Apprentice fortel historia om korleis ein ung Donald Trump starta egendomsverksemda si i New York på 1970- og 80-talet, med ei hjelpande hand frå den berykta advokaten Roy Cohn.

New York på 1970-talet: Fast bestemt på å kome ut av skuggen av den mektige far sin og skape seg eit namn innan eigedom på Manhattan, er den aspirerande mogulen Donald J. Trump i dei tidlegaste dagane av karrieren sin då han møter mannen som skal bli ein av dei viktigste personane i livet hans, den kyniske politiske fiksaren Roy Cohn. Den mektige advokaten, som etterforska mistenkte kommunistar i både statsapparatet og Hollywood saman med den notoriske senatoren Joseph McCarthy, ser potensial i unge Donald. Han lærer sin nye følgjesvenn og elev korleis han kan samle rikdom og makt gjennom bedrag, truslar, søksmål og mediemanipulasjon. Og som ein seier - resten er historie.