Julekveld med Teskjekjerringa // Teatret Vårt

Om arrangementet

Musikalsk juleforestilling for heile familien

Teskjekjerringa elsker jula! Men i år går ikkje alt heilt etter plana. På sjølvaste julaften blir ho plutseleg lita som ei teskjei! Rekk ho å bli ferdig med å vaske, bake og pynte til jul?

Det er klappet og klart for julaften – nesten.  Mannen til Teskjekjerringa har gløymt både fuglenek og juletre og har kjøpt stålull i stedet for smør … og nabokjerringa som alltid veit best, stikk innom ein tur på verst tenkeleg tidspunkt … 

Teskjekjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre voksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for Teskjekjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. Prøysens jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fengjer både store og små! 

Historia om Teskjekjerringa minner oss på at hvis ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel. - Og kanskje kommer julenissen? 

Passer for heile familien.

Varer i ca 50 min