Terje Sporsem & Jon Brungot // Høy og mørk

Om arrangementet

Terje Sporsem kjem tilbake til Brattvåg, og denne gongen har han med seg makker Jon Brungot! EKSTRA forestilling kl 21:00

To av Norges mest populære komikarar har slått seg saman med eit mål for auge: Å gi deg eit skikkelig artig show! Og DET trengs når verda går meir og meir av hengslane.
Høy og Mørk er ei forestilling spekka med stand-up, musikk og parodiar, og vi kan love at latteren sitt laust når John og Terje begir seg inn i temaer som høge, mørke maktsjuke leiarar, beredskap, generasjonskonflikter og frykta for å plutseleg være den eldste i familien.
Kvifor vil nokon endre verda etter fylte 75? Var livet mindre komplisert på 80- og 90-tallet? Og kan ein fake seg gjennom det meste i livet? Terje og John tar for seg nokon av dei store og viktige spørsmåla i livet... men også ting du ikkje visste at du trengte svar på.
Gjer deg klar for ein kveld spekka med masse latter og god stemning!
 
Regi: Martin Beyer-Olsen
Norgespremiere 8. januar på Christiania Teater
 
Kulturstova og baren er åpen frå kl 18:00.
Vi har også åpen bar i kulturstova etter begge forestillingar.