Teater MANU // Panikk i kulissene

Billettar

Om arrangementet

Teater Manu er heile Norges tegnspråkteater. Dei ønsker å være eit foregangsteater og eit kulturelt møtepunkt for døve, ein stad ein kan produsere, konsumere og diskutere kultur, på døves premisser. Alt Teater Manu produserer er også tilgjengeleg for hørende, da dei bruker stemmeskodespelarar.

I 2021 fyller Teater Manu 20 år, og det feirast med Panikk i Kulissene, eit stykke som utforskar alle moglege utfordringar ein finn bak teppet – drama, konfliktar, rekvisittar på avveie, og replikkar som går i gløymeboka. Regissør Mira Zuckermann skal med sitt entusiastiske ensemble gå laus på ein av dei ypperste og mest spelte stykka innan teaterkomedien, skrevet av den britiske dramatikaren Michael Frayn.

Her møter vi klassiske komediekarakterar: ein nevrotisk og intellektuell regissør, ein alkoholisert skodespelar, ein superoptimist, ein som gløymer replikkane, ein evig kverulant, ein overarbeida inspisient, samt dei som er så vakre at deui har lite anna å spele på. I arbeidet med å sette opp et teaterstykke går det meste galt og intrigane mellom dei stereotypiske karakterane blir stadig villare. Publikum blir tatt med på den skandaløse generalprøva kvar det blir snubla i rekvisittar og bomma på dører, samt dei påfølgande turbulente forviklingane bak scena kvar misforståingane bygger seg opp. Stykket er ein salig teaterleik der alle strevar med dei små tinga i livet og ender opp som ein parodi på seg sjølv.

Å få integrert tegnspråket på ein god måte i virvaret av handlingar som skjer på scena er eit banebrytande arbeid som stiller store krav til regi-teamet. Dette er eit teaterstykke som er blott til lyst, og det er ei glede å endeleg få presentere denne klassikaren på tegnspråk.

 

Med: Ipek D. Mehlum, Ronny Patrick Jacobsen, Kevin Eide Edvardsen, Casper Lund,

Carola Insolera, Mette Marqvardsen, Marita S. Barber, Alexei Svetlov, Anne-Line L. Kirste

Stemmeskuespiller: Kjersti Fjeldstad, Marit Synnøve Berg

Regi: Mira Zuckermann

Språkkonsulent: Sølvi Zuckermann

Dramaturg: Tine Thomassen

Scenograf: Gjermund Andresen

Kostymedesign: Anette Werenskiold

Parykk & Maskedesign: Helene Andersson

Lysdesign: Martin Myrvold

Lyddesign: Erik Hedin

Manus: Michael Frayn

Denne produksjonen er et samarbeidsprosjekt mellom Teater Manu, Riksteatern Crea, Teatteri Totti, og Det Norske Teatret. En turné er planlagt for Norge, Sverige, og Finland, med besøk til Clin d’Oeil festivalen i Reims.

Forestillingen varer i 2 timer og 30 minutt inkl. pause.