Stovekonsert // elle melle

Om arrangementet

Endeleg ny stovekonsert! Denne gongen med sjølvaste elle melle.

"elle melle består av Odd Erik Ognedal, Svein Hyttebakk og Jon Konrad Strøm; Dei er eit folkekjært band med 8 fullengders albumutgivelsar, og har tidlegare mottatt Prøysen-prisen og vore nominert til Edvard-prisen. elle melle's låtkatalog har over 12 millionar avspelingar på strømmetjenestene, og i snart 30 år har sangar frå deira rikhaldige sangkatalog strømma ut av radioar over heile landet.  

 

Dei aller fleste vil dra kjensel på låtar som Frokost På Kafe, Ikkje Vekk Meg Når Du Går, På Denne Tiå Her I Fjor, Du Sko Vært Her Nå, Ser Du Då At Eg E Din, og ikkje minst den umiddelbare klassikaren Himmelhøge Sti.

Men trioen serverer også nyare elle melle-sangar, bl.a singelen «Emigrant», innspelt og utgitt med Trygve Skaug som duettpartner, og det blir nye singlar og ny fullengders albumutgivelse i 2026. 

Konserten blir oppe i Kulturstova (3.etg). Unummererte plassar, men du får garantert sitte i eit tøft retro møbel!

Dette blir verkeleg flott!

Dørene åpnar kl 19:00 – åpen bar

Konsertstart kl 20:00