Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen m/band

Om arrangementet

Steinar Raknes kjem tilbake til Brattvåg. Han har med seg Unni Wilhelmsen denne gongen også, men i tillegg blir det fullt band! Dette lukter det krutt av, og vi forstår godt at mange ville ha dei tilbake etter konserten dei hadde februar 2020.

Steinar Raknes er ein kreativ bassist og vokalist som ikkje er redd for å gå eigne vegar. Han har blitt ein erfaren musikar, som beherskar mange ulike konstellasjonar. I dei siste åra har Steinar bevega seg meir og meir i retning av singer/songwriter-segmentet. Stillhouse starta som et duoprosjekt sammen med Unni Wilhelmsen og blei utvida til eit herleg, fullblåst band som hadde debutkonsert på Molde jazzfestival for halvanna år sidan.

Steinars personlege reise i universet med stemma og kontrabassen som dei bærande elementa blir både utfordra og løfta av dei kreative musikarane og musikken blir tatt med på heilt nye vegar. Unni Wilhelmsen og Raknes´ meloditeft og fine tekstar svevar over Even Hermansen kreative gitar. Med ein av landets mest lydhøre og kreative trommeslagarar som groovar i bunnen, så er lydbildet komplett.

I eit rimeleg åpent sjangerlandskap høyrer ein americana og country i ånda av både Nick Cave og Tom Waits. Dette blir garantert ein stor opplevelse full av varme i vintermørkret.

Unni Wilhelmsen – gitar, vokal, Even Hermansen – gitar, Steinar Raknes – bass, Per Oddvar Johansen – trommer