St. Petersburg festivalballett: "SVANESJØEN"

Om arrangementet

No kan du oppleve kanskje verdas mest kjende ballettforestilling, i Brattvåg! Det er nesten ikkje til å tru, men her får vi storfint besøk frå Russland, med proff classisk ballett, 2 dagar til ende.

Musikk: Pyotr Tchaikovsky
Koreografi: L. Iwanow og M. Petipa
Libretto av W. Begitchev og W. Geltzer
Scenografi og kostyme av Vyacheslav Okunev (Mariinsky Theatre, St. Petersburg)

Eit fullstendig kunstverk
Svanesjøen er ein av dei mest populære ballettane og tilhøyrer det internasjonale standardrepertoaret til den klassiske balletten. Trass i alt er denne balletten eit strålande verk av ein strålande komponist; Tsjaikovskij - og har alltid vore ein publikumsmagnet.

Koreografien til den opphavelege produksjonen vart laga av Julius Reisinger. Balletten vart urframført av Bolshoi Balletten 4. mars 1877 på Bolshoi Theatre i Moskva. Sjølv om han blir presentert i mange ulike versjonar, baserer dei fleste ballettkompanier sine iscenesettingar både koreografisk og musikalsk på 1895-versjonen til Marius Petipa og Lev Ivanov, som først vart sett opp for den keiserlige balletten 15. januar 1895 på Mariinsky-teatret i St. Petersburg.

Den populære klassiske balletten fortel historia om Odette, ei prinsesse som blir forvandla til ei svane av forbanninga til ein ond trollmann. Odette må leve som svane på dagtid, men om natta blir ho igjen eit menneske. Dette skjer kveld etter kveld, og dansande i den menneskelege forma si blir ho sett av ein prins, Siegfried. Siegfried forelskar seg i Odette og ber henne kome til slottsballet kvelden etter. Trollmannen Von Rothbart finn ut dette, og han tar med dottera si Odile til ballet. Odile ser ut akkurat som Odette, berre at ho kler seg i svart medan Odette kler seg i kvitt. Siegfried trur Odile er Odette, og han sver den evige kjærleiken sin til henne for å bryta forbanninga. Odette viser seg, og prinsen skjønner kor feil han har tatt

Ypperlege solistar og dansere, fantastisk scenografi og kostyme kombinert med ein fantastisk lysdesign og fantastisk musikk, innspelt av eit vedunderleg symfoniorkester. Det er dette St. Petersburg Festival Ballet og Hungary Festival Orchestra tilbyr ballettelskarar over heile verda.

Varigheit: 130 min, inkl pause