Return to Seoul
Om filmen
Originaltittel: Retour à Séoul
Premiere: 2023-09-15
Varighet: 1t 55min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: ( 9 år) Ungdom/Vaksne
Originalspråk: Original
Regissør: Davy Chou
Freddie er ei ung sjølvstendig kvinne fødd i Sør-Korea, men har vokse opp med franske adoptivforeldre i Paris. I ein alder av 25 år vender hun for aller første gang tilbake til sitt fødeland. Det blir ei krevjande reise i eigen identitet og rotløyse.
Freddie er tøff, nesten litt kynisk i omgangen med andre, og seier ikkje nei takk til ein god fest. Turen til Sør-Korea kjem som resultat av ei spontan endring av reisemål frå Tokyo til Seoul, og når ho først er på plass får ho lyst til å finne ut meir om opphavet sitt. . Det set i gong ei rekkje prosessar i og rundt henne, som vil endre livet hennar for alltid. Return to Seoul tek oss med på ei vakker reise til fantastiske Seoul i Sør-Korea, og er eit intenst og sårt portrett av å utforske eigen identitet på godt og vondt.