Pippi Langstrømpe // Teatret Vårt
Billettar
Om arrangementet
Ein hyllest til friheit, fantasi og å være seg sjølv! Pippi Langstrømpe er ni år, sterkast i verda og bor aleine i det rare, skeive huset Villa Villekulla. Saman med vennane Tommy og Annika, apa Herr Nilsson og hesten Lilla Gubben kastar ho seg ut i ville påfunn, sjørøverleik og uventa møter med både politi og tjuvar.
Bak Pippis rare påfunn, styrke og språk ligger historia om ei jente som saknar foreldra sine, men som likevel finn måtsr å stå støtt på. Ho viser oss at mot kan være å seie ifrå, å tørre å prøve noko nytt, eller å invitere nokon inn i leiken. Pippi minner oss på at styrke kan ha mange former, og at fantasi og eit åpent hjerte kan være dei største superkreftene av alle.
Historia om Pippi Langstrømpe er ein av Astrid Lindgrens største suksesser og blei henar litterære gjennombrudd. Sidan 1945 har ho gleda og inspirert generasjon på generasjon, og i Lindgrens univers blei Pippi eit ikonisk symbol, ein karakter som utfordra etablerte normer for korleis barn burde være.
I Teatret Vårt sin versjon er Pippi fortsatt like sterk, rampete og modig som alltid. Ho tør å gå sine egne vegar, utfordrar forventningar og minner oss på at det er lov å være akkurat den man er.
Med Pippi i nærleikenn blir ingen dag lik! Forestillinga sprudlar av musikk, humor, varme og energi. Ein fantasirik opplevelse for heile familien, full av latter, eventyr og varme.
Bli med til Villa Villekulla og opplev Pippi på sitt mest modige, rampete og fantastiske!
