Peer Gynt // Teatret Vårt

Om arrangementet

Kvar går du når festen er over? Henrik Ibsens klassikar er historia om å miste seg sjølv og leite etter det ein har forlatt. Fanga mellom einsemnd og eit evig jag etter å høyre til, diktar Peer seg ein virkelegheit der han sjølv står i sentrum.

Etter festen. Før erkjenninga. Peer vaknar aleine i mørkret – iført ein utslitt smoking, med ein plastpose fylt av øl, omgitt av kaos og minner frå ei natt han knapt huskar. Han kjenner ikkje lenger igjen verkelegheita – eller seg sjølv. Men når han må ta ansvar, glipper alt. Kva er sant og løgn når du skal oppsummere dine valg?

Denne versjonen av Peer Gynt er ein ekspresjonistisk, klaustrofobisk og sår tolkning av Ibsens klassikar – inspirert av skrekkfilmen Nosferatu og nattklubbens pulserande uteliv. Eit mørkt univers befolka av troll, freistingar og tapte moglegheiter. Peer tvingast til å sjå seg sjølv i augene i etterdønningane av valgs han har tatt. Vi møter ein sår Peer som er drevet av sitt utenforskap i ei verd som ikkje lenger henger saman.  

Peer er både løgnar, diktar og manipulator, men også eit menneske i desperat lengsel etter tilhørigheit og kjærleik. Gjennom eit splitta forhold til familien, søker Peer stadig etter noko anna, men finner seg sjølv meir og meir fremmedgjort.  Peer bevegar seg utanfor felleskapet med spill og leik og håpar han kan skjule det vonde han bær på i møte med andre. Han flyktar og brenner seg opp i begge endar med løgn og fantasi, før verklegheita bankar på døra. Kanskje elskar vi Peer nettopp på grunn av feila hans – fordi han speilar vår eigen feilbarligheit?

Vi er stolte over å ha regissør Victoria Meirik tilbake. Ho har tidlegare hatt regi på dei kritikerroste forestillingane Gift og Villanden her ved Teatret Vårt. Denne gongen jobbar ho saman med Agnethe Tellefsen på scenografi og lysdesign og Ingvild Langgård, som har komponert ny musikk til forestillinga. Musikken bær både fortid og notid i seg – vuggesang og dødssang, klubbrytmer og folketonar som glir over i kvarandre. Solveigs sang og Dovregubbens hall gjenskapes i eit nytt lydlandskap som slukes av rommet – og av Peer sjølv.

Velkommen til ei rå, visuell og ærleg forestilling om lengsel, utanforskap og dei historiene vi forteller oss sjølv for å få livet til å henge saman. 

Premiere 29. august 2025

Varighet ca. 3 timer (inkl. pause)

Av
Henrik Ibsen

Bearbeidet av
Michael Thalmeier og Maja Zade 

Oversatt av
Kristofer Grønskag 

Regi
Victoria Meirik

Scenografi og lysdesigner
Agnethe Tellefsen

Komponist
Ingvild Langgård

Kostymeidé
Synne Reichelt Føreland

Kostymedesigner
Even Børsum

Med
Bjørnar Lisether Teigen, Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Conrad James McLean, Lars Melsæter Rydjord, Manish Sharma