Ole Reinlund m/band
Billettar
Om arrangementet
Ole Reinlund er aktuell med nytt album, og startar turneen med konsertar på Sunnmøre i januar. Til ID-huset har han med seg to musikarar i absolutt toppsjiktet: Steinar Raknes på kontrabass Håkon Mjåset Johansen på trommer.
Vokalisten, pianisten og låtskrivaren Reinlund skaper akustisk og
levande visejazz med sterke melodiar, nærleik og rom for improvisasjon.
Tekstane er nære og til ettertanke, og handlar denne gongen i stor grad
om livsvegen, om å vere på veg frå noko til noko. Reinlund syng på si
karmøydialekt, noko som gjev songane eit personleg og truverdig preg.
Det nye albumet Så va du der, endelig er Reinlund sitt sjette. Han ser
fram til å ta dei nye songane ut til publikum:
– Dette er nok det albumet som har krevd mest av meg, men er kanskje
også det beste, seier Ole Reinlund.
Ikkje minst ser Ole Reinlund fram til å spele i Brattvåg og på ID-huset
igjen. Han har eit nært og godt forhold til heile Haram.
pressefoto, kreditert Havnevik
Dørene åpnar kl 18:30
Åpen bar
