Ole Petter Hjelle // Det digitale dopet

Om arrangementet

Ole Petter Hjelle Ole Petter Hjelle er kjent som ein av Norges beste formidlarar og foredragshaldarar. Som lege og hjerneforsker stiller han med sterk fagleg kunnskap og bygger foredraga sine rundt erfaringar og forskning.

Det digitale dopet - korleis hjernen vår påverkast av teknologi

  • Visste du at vi i snitt plukkar opp mobilen vår 150 gonger i løpet av ein dag? Og at når du som gammal ser tilbake på livet ditt vil du ha brukt over 11 år på mobilen din?
  • Dagens teknologi har gitt oss betre liv og det er nesten umogleg å sjå for seg ein kvardag utan smarttelefonar. Men, teknologien har ei bakside.
  • Vi vet frå større studiar at det er ein samanheng mellom mobilbruk og depresjon, angst og søvnlidingar. Spesielt er dette godt dokumentert hos barn og ungdom. Ironien er at dei fleste av oss bruker mest tid på dei plattformane som gjer oss mindre lukkelege.
  • Facebook, Instagram og Snapchat er eksempler på dette. Dette verker ulogisk, men det er ei god forklaring på kvifor det er slik. Desse programma er laga for å gjere oss avhengige. Og avhengige har vi blitt. Ein undersøkelse frå USA viser at over 80% av ungdommar mellom 10-16 år heller vil være ein dag uten stemma sin, enn ein dag uten mobilen.
  • For teknologiselskapa er dette gode nyheiter. Jo meir tid vi brukar på plattforma deira, dess meir auker marknadsverdien på selskapa. Visste du at Facebook, med sine over 2,5 milliarder brukarar, i dag er verdt over 500 milliardar dollar? Det er meir enn brutto nasjonalproduktet til eit mellomstort europeisk land!
  • Teknologien har kome for å bli, men vi kan velge korleis vi ønsker å bruke den.
  • I Ole Petters foredrag vil du høyre om korleis mobilbruk påverkar hjernene våre og korleis du ved hjelp av nokre enkle grep kan redusere avhengigheita av smarttelefonar. Men, kanskje aller først og fremst, få nokre tips korleis vi kan bruke teknologien på ein best mogleg måte. I våre eigne liv, og i barnas.

 

Ole Petter Hjelle

Ole Petter Hjelle er lege, hjerneforskar, bestselgande forfattar og profesjonell foredragshaldar. Han har ein allsidig bakgrunn, blant anna som toppidrettsutøver med NM-gull i maraton og over 7500 fallskjermhopp under beltet. Ole Petter har også 15 års ledererfaring frå privat næringsliv, og held foredrag om ledelse med hjernen i fokus. Han blei kjent som «treningslegen» etter at han starta ein eiga mosjonsgruppe der han trenar med pasientane sine. Opplegget blei beskreve på NRK og videoen av innslaget har blitt sett over 1,5 millioner ganger på Facebook.


Han har vunnet fleire prisar for si formidling, blant anna Morgenbladets «fantastiske formidlere» i 2016. Her er noko av det juryen sa om Ole Petter: «Her dreier det seg om en mann som kan kommunisere! Ole Petter Hjelle er åpenbart en helt eksepsjonell foreleser med magiske formidlingsevner.»