Nyttårskonsert - Sunnivakoret og Ytre Suløen

Om arrangementet

Vi gjer eit tredje forsøk, etter to utsetjingar og håper at alle gorde ting er tre. Og då passar det fint med å markere at Sunnivakoret har blitt 20 år og Ytre Suløens Jassensemble heile 50 år, det same som dirigent Per Oddvar «Prots» Hildre sitt hovudkor, SKRUK.

Prots fylte sjølv 70 år i 2020, noko som koret sjølvsagt har markert, om enn litt i etterkant. Eit fullsatt kulturhus ville vere ei flott forseinka bursdagsgåve frå publikum til denne markante maestroen frå Hildrestranda, som og har blitt utnemnt til kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavsorden  sidan sist vi besøkte Brattvåg. Samt ein inspirasjon for oss andre jubilerande…

Koret har forøvrig «slanka» seg litt,  ca 60 medlemer no mot godt over 100 dei første åra, dog inga «spisevegring»; vi tek stadig til oss ny pedagogisk «næring» frå denne inspirerande og kreative dirigenten og i følgje han er kvaliteten i stadig utvikling, slik han og også vi likar det.

Velkjente og ekte New Orleans-solist Tricia Boutte er denne gong forhindra p.g.a. anna oppdrag, men med Anne Marthe Slinning som erfaren stand in, kan vi love god kvalitet. Ho var og med oss på siste konsert før pandemien tok tak, på Rørosmartnan.

Koret sin eigen solist, Marita Bødal Nybakk, vil også bidra. «Stjerna frå Stad», som Prots likar å kalle henne, hausta bl.a. stor applaus  med eige solistnummer på Olavs-festspela i Trondheim 2019. Ho har og ved tidlegare konsertar opptredd med Suløen.

 

Det legendariske og populære jassensemblet har også endra litt på fasaden gjennom desse 50 åra, men held som vanleg høg klasse! «Good old man» på banjo, Einar Aarø, har lagt inn årane, men så fekk han og litt av ei fartstid i ensemblet! Y.S.-genane er likevel ivaretatt sidan son til gamletrommis Ottar Anderson, Svein Tore, har tatt over stafettpinnen på banjo. På trombone har dei no Gunnar Bech frå Molde. Den øvrige besetninga er David Gald, tuba, Morten Gunnar Larsen, piano, Lars Frank, klarinett/saksofon, Sturla Nielsen Hauge, trompet og Kristoffer Tokle, slagverk.

Vi gler oss til ei ny flott konsertoppleving i Brattvåg sitt flotte kulturhus i lag med eit forhåpentlegvis kulturelt hungrig publikum! Og, kvifor ikkje ei kulturell julegåve?

 ID-huset søndag 15. januar 2023 kl. 16.30.