Norske favoritter // Atle Pettersen

Om arrangementet

Atle Pettersen inviterar til ein akustisk kveld med sine norske favorittar. Len deg tilbake for ein stemningsfull aften med kjente og kjære låtar.

Atle Pettersen er ein av Noregs mest allsidige artistar og programleiarar, og har allereie ei lang og innhaldsrik karriere bak seg.

Ikkje berre har han losa store delar av Noregs befolkning gjennom fredagskvelden i Beat for Beat, du har sannsynlegvis også sett ham i ei rekkje andre produksjonar som NRK Julemorgen, NRK Sommeråpent, Idrettsgallaen og VG-lista Rådhusplassen. Han har også gjort fleire musikalar og revyar, som blant anna hovedrolla i Singin’ in the Rain, Jersey Boys og Beatles. Atle er også aktuell med eigen podcast, En pappa i livet, der han med gjestar i studio snakkar om gleder og utfordringar i rolla som pappa.

Musikk har alltid vore ein stor del av Atles liv, og han både opptrer og produserar musikk for både seg sjølv og andre.