Christmas with Nordic Tenors
Billettar
Om arrangementet
Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rimet slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elskede tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang.
«Christmas with Nordic Tenors» er mykje meir enn ein julekonsert. Dette er både ein konsert med musikk og vokalprestasjonar frå øverste hylle og ein estetisk og fullt ut gjennomarbeida forestilling, med andre ord ein fryd både for augene og øyrene. For nittande året skapar tenortrioen ei førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygd på høgtid og tradisjon, ei forestilling som garantert vil sette deg i den gode julestemninga.
Med seg har dei sin faste fremragende lyddesigner Ove Nesheim som ellers i året jobbar tett med Frida Aannevik og Marit Larsen, samt ein av Norges fremste lysdesignarar og videokunstnarar Andreas Ohldieck, som også turnerar med Alan Walker. Pianist Torgeir Koppang er ein av Norges beste og mest versatile pianistar. Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak.
Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, åpna den nye operaen i Oslo og har vunne publikums hjerter over heile landet. Gled deykk til hjerterørande julemusikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøre øyrer!