DARK SIDE OF THE WALL – THE NORDIC FLOYD SHOW

Om arrangementet

Opplev Norges største og beste Pink Floyd-show, Dark Side of the Wall - The Nordic Floyd Show! Andre tributeband gjer sitt beste for å kopiere heltane, medan nokon allereie har oppnådd nirvana: Å bli godkjent av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus i 20 år.

Turnéene i 2019-2020 samla fulle hus og fekk fantastisk respons frå publikum. Bergens Tidende trilla 5’er og syntes det var «Storslagent og imponerande på alle måtar» og «...ei imponerande forestilling som absolutt tilhøyrer det aller ypperste i sitt slag.» 

Bandets livslange kjærleik til Pink Floyds musikk blei til ei rå energibombe frå første øving av. Sidan den gong har Helge Nyheim (vokal/trommer), Bjarte Aasmul (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal) og Dag Øivind Rebnord (tangentar/visual fx) utvikla konseptet til ein storslått, dagsaktuell og gripande multimedieforestilling. Dei har samarbeidd med gjesteartistar som Ian Ritchie (UK, Roger Waters band), Sharon Gaynor (IRL, Breathe), Tine Taule m.fl.

Få med deg eit magisk og spektakulært lyd/lys/video/laser-show som tar pusten frå alle Pink Floyd-elskarar. Dark Side of the Wall, The Nordic Floyd Show