Munch

Om filmen

Originaltittel: Munch

Premiere: 2023-01-27

Varighet: 1t 45min

Sjanger: Biografi, Drama, Norsk

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Norsk

Regissør: Henrik M. Dahlsbakken

Terningkast 6: "Trolig tidenes beste norske film" - Subjekt Terningkast 5: "Et fortellerteknisk vågestykke som gir full uttelling" - NRK P3 Terningkast 5: "Forvandlingskunst i verdensklasse" - Bergens Tidende Terningkast 5: "Visuelt flott og kreativt" - Stavanger Aftenblad Terningkast 5: "Nydelig og dyptgripende" - Dagsavisen Terningkast 5: "Selvsikker og stilfull" - P4 Terningkast 5: "Jeg gikk fra kinoen og var bedre kjent med Edvard Munch" - Hamar Arbeiderblad Terningkast 5: "Spennende og kreativ" - Filmfront "Glitrende levendegjort film om Edvard Munch" - Vårt Land «Munch» er filmen om ein av dei største kunstnarane gjennom tidene. Ved å skildre fire definerte periodar i Edvard Munch sitt liv, gir filmen eit intimt innsyn i eit særprega og unikt kunstnarsinn

Avvist av kunstetablissementet, plaga av sorg over tapet av den eldre systera og torturert av avhengigheit, skildrar filmen Edvard Munch sitt liv frå 20-års alderen og fram til han fyller 80. Alfred Ekker Strande, Mattis Herman Nyquist, Ola G. Furuseth og Anne Krigsvoll gjer kvar si tolking av Edvard Munch i ulike delar av livet hans. «Munch» fortel historia om den unge Edvard Munch si fyrste forelsking, i ei gift kvinne, og vidare om nederlaget som kunstnar etter at den fyrste utstillinga hans i Berlin blir refusert og avvist. Filmen skildrar også Munch si dramatiske innlegging på nerveklinikk i København, der han blir tvinga til å ta sitt livs største og mest avgjerande valg, før han i den siste fasen i livet kjempa ein hard kamp for å redde den kunstneriske arven sin frå nazistane under krigen. I øvrige roller finn me eit stjernelag beståande av Anders Baasmo, Jesper Christensen, Lisa Carlehed, Ida Elise Broch, Nader Khademi, Arthur Berning, Per Frisch, Gjertrud Jynge, Dennis Storhøi, Thea Lambrechts Vaulen og Hildegun Riise. «Munch» er den fyrste dramatiseringa som er gjort av Edvard Munch sitt liv på kinolerretet. Filmen hadde æra av å få opne den 52. utgåva av Rotterdam Film Festival 25. januar.