Jævelungen // Magnus Jackson Krogh

Om arrangementet

Kva brukar vi den verdifulle tida vår på? Kan ein le seg igjennom dei vanskelege tinga i livet? Kan vi gå i grava med eit smil om munnen? I forestillinga «JÆVELUNGEN» brukar Magnus sine eigne opplevingar og erfaringar til å fortelle korleis det er å leve med traumer, mørke tankar - og humoren.

Magnus unike evne til å formidle gjer at du i det eine sekundet tørkar tårar, og i det neste "flire dæ ijæl".

Krogh har lang erfaring som foredragshaldar og motiverande talar. Med sin heilt eigne humor om samfunnet har Magnus blitt ein del av manges daglege vitamininnsprøytning. Han er ein av Norges desidert største stemmer i sosiale medier. Med brei tematikk og livserfaring leverer han nokon av dei råaste foredraga på markedet. Psykisk uhelse er alltid ein stor del av Magnus sine foredrag/show.

Endeleg er Magnus klar for Brattvåg med sitt forrykande show "Jævelungen". Bli med oss på ein kveld du seint vil gløyme. Denne opplevelsen setter spor.

Kulturstova og baren er åpen frå kl 18.00 (og etter forestillinga)