Linnea Dale m/band

Om arrangementet

Linnea Dale kjem for første gong til Brattvåg, og ho har med seg fullt band!

Linnea Dale blei som 16-åring kjent for det norske folk som finaledeltakar i den tredje
sesongen av Idol. Etter deltakinga blei Dale invitert med som gjestevokalist i Donkeyboy 
og er for mange kjent som stemma bak hitsinglane «Ambitions» og «Sometimes». Begge 
singlane nådde toppen av VG-lista i 2009 og var to av dei mest spelte låtane på norsk radio. 
Ambitions blei spellemannnominert til Årets hit og Årets video.
Dale solodebuterte i 2012 med albumet «Lemoyne Street», som blei produsert av Øystein 
Greni frå Bigbang. Deretter kom oppfølgaren «Good Goodbyes» produsert av Kim 
Bergseth og Paal Waaktaar fra A-ha i 2014. Samme år deltok også Dale i den norske 
finalen av Melodi Grand Prix med singelen «High Hopes» som kom på 2. plass. I 201
slapp ho albumet «Wait For The Morning», som fekk strålande kritikkar frå anmeldarar
over heile landet. Spesielt blei singelen «Favourite Mistake» trukke fram med terningkast 6 
av VGs anmelder. Linnea var med i 2020-sesongen av «Hver gang vi møtes» der ho 
framførte sine eigne tolkningar av låtar frå blant andre Odd Nordstoga, Hellbillies og Frida 
Ånnevik. Linnea slapp sitt fjerde album, «15 LOVE» i 2022 og har mottatt svært gode 
kritikkar. No arbeider ho med eit norskspråkleg album der dei første singlane kjem i 
2025. 
Med fersk musikk i bagasjen kjem ho til å turnére med eit nytt band med musikarar 
plukka fra øverste hylle.