Linda Eide // Språksjov

Om arrangementet

Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No har Linda Eide gått laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sjovsekken. Med seg på scenen har Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø, som begge sørger for musikalsk og verbal bækking.

På kvar stad dukkar det også opp ein lokal gjest, som trioen har invitert. 

Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga, når denne gjengen i kjent stil hyller og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda – språket!

Linda Eide – Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth  

Sjur Hjeltnes – Pianist med utdanning og innsikt.

Halvor Folgerø – Seniorkonsulent med fagott & bass

Lokal gjest: TBA

 

Forestillinga startar kl 20:00, i storsalen.

Kulturstova er åpen frå kl 19:00