La fjella leve
Om filmen
Tittel: La fjella leve
Premiere: 2026-10-09
Varighet: 1t 40min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: A
Originalspråk: Original
Regissør: Håvard Bustnes
Dei vann i Høgsterett. Men kampen var ikkje over. I La fjella leve rettar ein av dei mest anerkjende dokumentarfilmskaparane i Noreg, Håvard Bustnes, blikket mot Fosen-saka og staten sitt pågåande brot på menneskerettane.
I over 20 år har samiske reindriftsutøvarar på Fosen kjempa mot det største vindkraftanlegget i Europa, som er bygd midt i dei viktigaste beiteområda deira. Når Høgsterett slår fast at anlegga bryt samiske menneskerettar, gjev det håp om at vindturbinane skal rivast. Men regjeringa nektar likevel å fjerne dei. Samiske ungdomar svarar med å mobilisere i protest, og alt blir sett på spel: fjellet, kulturen og framtida.
