Kristiansen // Vemøy: Hymns of Compassion

Om arrangementet

Vi har gleden av å ønske velkommen til førjulskonsert med duoen Kristiansen // Vemøy.

Kristiansen // Vemøys første album «Hymns of Compassion» blei utgitt i 2021. 
Albumet har menneskets kamp, liding og håp som tematisk klangbunn. Duoens 
andre album «Hymns of Longing» frå 2022 dreiar rundt lengselen etter det evige 
og guddommelege. Albumet er på Dagsavisens liste over dei beste norske 
jazzalbum i 2022. I oktober 2024 kjem albumet «Hymns for Shepherds and 
Kings», som har inkarnasjonens mysterium som utgangspunkt.


Kristiansen // Vemøy hentar inspirasjon både frå den elektroniske 
musikkscena og dei romantiske komponistanes uttrykk, med ein estetikk 
som omfavnar såvel det urolege og utydelege som det beroligande og klare.
Konsertene Kristiansen // Vemøy spiller i 2024 kombinerer sakral musikk og 
ambient elektronika, der lyden av fortid og notid bringes saman i eit dynamisk
lydlandskap, med elektroniske underlag som kontrasterast av akustiske 
element farga av jazz og klassisk musikk. I sum søker duoen å skape eit rom 
for kontemplasjon og kvile for det moderne, rastlause menneske.


Kristiansen // Vemøy er på kvar sin kant anerkjente musikarar i ulike 
samanhengar, både med andre artistar og musikarar, som komponistar, og med 
eigne prosjekt. Samarbeidet dei imellom har vokst fram gjennom arbeidet 
med Jakobmessene i Kulturkirken Jakob i Oslo.


Kristiansen // Vemøy

Øyvind Kristiansen [tangenter & programmering]
Jonas Kilmork Vemøy [trompet & elektronikk]


Hymns of Longing: https://orcd.co/zql37p0
Hymns of Compassion: https://orcd.co/pnnddd