Kristiansen // Vemøy: Hymns of Compassion
Billettar
Om arrangementet
Søndag 17. november har vi gleda av å invitere vi til konsert med duoen Kristiansen // Vemøy. Dette blir ein unik moglegheit til å oppleve deira nyaste album «Hymns for Shepherds and Kings», der lyttarane tas med på ei musikalsk reise gjennom nytolkningar av julens hymner – i brytninga mellom julas bodskap om glede og håp, og den brutale virkelegheita vi lever i.
Albumet «Hymns for Shepherds and Kings» bygger vidare på det musikalske språket frå duoens to tidlegare utgivingar. Debutalbumet «Hymns of Compassion» (2021) utforska menneskets kamp, lidelse og håp, mens oppfølgeren «Hymns of Longing» (2022) dykker djupt inn i lengselen etter det evige og guddommelege. Dette albumet blei også hylla av kritikarane og inkludert på Dagsavisas liste over dei beste norske jazzalbuma i 2022.
Med inspirasjon frå både jazz, klassisk musikk og elektronika skapar Kristiansen // Vemøy eit unikt lydunivers der det urolige og utydelige møter det beroligande og klare. Kontrasten mellom elektroniske underlag og akustiske elementer gir ein djuptgående opplevelse som famnar spekteret av menneskelege følelsar, og kveldens konsert er derfor også ein kontemplativ opplevelse for både sjel og sinn.
Kristiansen // Vemøy er begge anerkjente musikarar som har markert seg i ulike musikalske samanhengar, både som utøvarar, komponistar og gjennom sine eigne prosjekt. Deira samarbeid har røtter i arbeidet med Jakobmessene i Kulturkirken Jakob i Oslo.
Kristiansen // Vemøy Øyvind Kristiansen [tangenter & programmering]
Jonas Kilmork Vemøy [trompet & elektronikk]