Knut Marius // EMBER

Om arrangementet

Knut Marius - EMBER Dattera ga Knut Marius motivasjon til deltaking i TV reality. Det blei det ny låt av

Det viktigaste i livet for Kompani Lauritzen vinnar Knut Marius er musikken og familien. 
Eit år etter at Knut Marius debuterte med albumet «6393» er artisten frå Tomrefjord nok ein gong klar med ny musikk.
5 mai kom singelen EMBER, som handlar om datteren VILJA, og betyr glødande kull. 
Vinteren 2025 kjem nytt album, og Knut Marius samlar igjen sitt stjernelag av musikarar ut på turné.
Utgivelsen og turné har fått tittelen EMBER, og Knut Marius tek låtskrivaren som utvikla seg gjennom eigne ord og uttrykk på 
dialekt med 6393, inn i den engelske verda igjen! 
EMBER handlar om det å ta tak i sitt eige liv, tørre å gå laus på utfordringar, og heile tida søke mot det neste steget. 
Ei slik reise byr alltid på djupe refleksjonar, men det er ei reise ein må gjennom for å utvikle seg, og å oppnå nye milepælar i livet.
Norgesturné startar i februar 2025, og er backa av eit knippe av Norges aller beste musikarar og leverast av ei stor stemme og ein 
ærleg låtskrivar frå Tomrefjord.

På scena:
Knut Marius - Vokal
Tommy Kristiansen – vokal og gitarar
Jonny Sjo – Vokal og bass
Haakon-Marius Pettersen – Vokal og tangentar
Marius Simonsen – Vokal og trommer
Velkommen på konsert

Kulturstova er åpen frå kl 19.00