Karius & Baktus

Om arrangementet

KARIUS OG BAKTUS med Bakgården barneteater Thorbjørn Egners kjente fortelling om tanntrolla Karius og Baktus som har bosatt seg i munnen til Jens.

Jens er glad i søtsaker og hoppar ofte over tannpussen. Han har difor fått et hol som fungerer helt ypparleg som hus for Karius og Baktus. Her lever tanntrolla godt og blir støtt og stadig servert favorittmaten sin: Loff med sirup på! Dei syng og trallar medan dei hakkar og bankar i tanna for å få ein enda større og finare heim. Dei har store planar om både fleire hus og underjordiske gangar. 

Så skjer det fatale! Ein dag får Jens fryktelig vondt i tennene sine og får beskjed frå mora si om å pusse dei. Karius og Baktus prøver å få han til å la det være, men han hører ikkje etter. Plutseleg er det ikkje lenger like hyggeleg for Karius og Baktus å bo i munnen til Jens.

Forestillinga er tradisjonell med nokre oppdaterte vrier som gjer den underhaldande for både små og store.
Varigheit: ca 35 min + møt & hils


Skodespelarar:
Mari Kjøstad
Dorina Eldøy-Iversen
Robin Horsgaard Larsen