Julebord med Haram Revylag

Om arrangementet

Julebord med lokal underhaldning og lokal mat har blitt særs populært! I 2025 fleskar vi til med den beste maten og den artigaste underhaldninga her i storsalen på Ingebrigt Davik-huset.

Ønskar du ein kulinarisk opplevelse og lurer på om Haram Revylag serverar sprø nok svor? Svoren skal Kulturkafeen ta seg av – og Haram Revylag tar seg av garnityret . Press deg inn i finstasen og kom!

Haram revylag har ikkje ein full revy denne gongen, men dei vil ha fleire ulike innslag mellom alle serveringane. Vi garanterar at alle som vil blir stappmett, og vi garanterar at alle som er til stades vil både smile og flire gjentatte gonger denne kvelden. Vi er heilt sikre på at dette er ein kveld du absolutt ikkje vil gå glipp av.

Grupper som kjøper billett samla, får sitte samla. 

Kulturkafeen står for maten, og på menyen finn du forrett, ein buffet av julemat. Dvs pinnekjøtt, svineribbe, mør, surkål, rødkål, poteter og kålrabistappe. Sjølvsagt blir det også ein fløyelsmjuk riskrem til dessert. 

Vi har servering frå baren, og du kan også forhåndsbetsille drikke, som står klar på bordet når du kjem.

Kulturstova er åpen både før og etter forestilling.

Dørene åpnar kl 18.00, mat og underhaldning frå kl 19:00.

Åpen bar.