Julebord med ÅreKnuteKoretFisstelsprekken

Om arrangementet

"Dette blir ein suksess" - seier ÅreKnuteKoretFisstelSprekken. Ja, det trur vi også, i det minste veit vi at maten blir god! For den er det sjølvaste Kulturkafeen som lagar. I tillegg blir det altså underhaldning frå våre vennar i ÅreKnuteKoretFisstelSprekken og SatHans som vi aldri blir kvitt.

ÅreKnuteKoretFisstelSprekken er med og varmar opp ribba og humøret, begge kjemisk fri for kunstig tilsetjingsstoff eller anna prestasjonsfremjande midlar oppramsa i dopinglista til den internasjonale olympiske komite!
Koret vil synge fra sitt rikholdige arkiv, ispedd ett og anna meiningslaust poeng inn i mellom sangane.

Koret er (heller) ikkje (i år) tatt ut i troppen til årets landslag i langrenn og treng derav ikkje forholde seg til fluor- forbodet, så her er det garantert både smile hull og null hull på ein og same gong!
I tillegg vil visesongar og omskolert glad rocker SatHans spreie ondskap og glede over forsamlinga med sitt allergiske nærvær, som vanleg heilt blotta for sjenanse og med overdreven sjølvinnsikt og openheit.
Eit vandrande eksempel på at sjølvmotsigelser ikkje alltid er pinlig og kleint, men faktisk innimellom kan være ganske så morosamt.

Grupper som kjøper billett samla, får sitte samla. 

Kulturkafeen står for maten, og på menyen finn du ein buffet av julemat. Dvs pinnekjøtt, svineribbe, mør, surkål, rødkål, poteter og kålrabistappe. Sjølvsagt blir det også ein fløyelsmjuk riskrem til dessert.

Vi har servering frå baren, og du kan også forhåndsbetsille drikke, som står klar på bordet når du kjem.

Kulturstova er åpen både før og etter forestilling.

Dørene åpnar kl 18.00

Åpen bar.