Heimatt til jul
Billettar
Om arrangementet
Det er noko med å kome heim til jul. Men éin ting har vi sakna: ein lokal og nær julekonsert her heime.
- Så vi lagar ein sjølve - to lokale kara.
Sander tek turen heim frå Bergen, Ole Bjørn tek imot her i Brattvåg – og som Hansen&Longva tek vi med oss den gode julestemninga og ein god bunke julesongar dei fleste kan til ID-huset.
Rannveig Hatland er òg med, og bak oss står The Red Noses, gode musikarar frå Lepsøya.
Vi fyller storsalen med bord, baren er open, og vi lagar god stemning før, etter og mellom songane.
Ta med vennegjengen, kollegaene eller heile familien – de vel bord sjølve når de kjøper billett. Vi håper å sjå nye og gamle fjes.
Kom åleine, kom mange – det er plass til alle rundt borda.
Fredag 18. desember
Dørene og baren opnar kl. 19 - vi startar kl. 20
ID-huset, Brattvåg 295 kr ?? https://fb.me/e/6sGuYXwJ3
«Dette er julekonserten du reiser heim til – eller får med deg før du reiser heim.»
- Ole Bjørn og Sander
Åpen bar
