Brattvåg Janitsjar til Broadway – med Inger Lise Hope
Billettar
Om arrangementet
Brattvåg Janitsjar til Broadway – med Inger Lise Hope i hovudrolla
Brattvåg janitsjar har oppigjennom åra vist at dei kan vere så mykje meir enn eit tradisjonelt korps. Allsidigheita er deira styrke, og dei kan likeså godt vere ei solid blåserekkje, eit heftig storband eller eit fullblods showband. Denne gongen trykkjer dei gassen heilt i botn og satsar som eit stort orkester – inspirert av dei aller største musikalscenene i verda.
I løpet av dei siste åra har korpset samarbeidd med nokre av landets fremste artistar. Adam Douglas tok publikum med storm på vårparten i 2022, og Ole Børud spelte gitar og song fletta av alt og alle på hausten i 2023. No gjer vi klart for nok ei storsatsing - kanskje den største i Brattvåg janitsjar si historie – når sjølvaste Inger Lise Hope kjem på besøk til Brattvåg og Ingebrigt Davik-huset.
Med si kraftfulle stemme og unike formidlingsevne, skal Inger Lise ta publikum med på ei reise gjennom det aller beste musikalsjangeren har å by på – både av eldre og nyare dato. Ho tok landet med storm då ho briljerte i The Voice i 2024, og trollbatt både dommarar og publikum med si unike stemme og heilt spesielle formidlingsevne. Tv-sjåarane fall pladask for vokalisten frå Stavanger, og det gjekk som det måtte gå: Inger Lise vann heile konkurransen.
Med hovudroller som Belle i «Skjønnheten og Udyret» og Maria i «The Sound of Music, samt ei rekkje utselte konsertar i 2024 for titusenvis av publikum, har Hope styrka sin posisjon som ein av Noregs aller fremste vokalistar. Hennar sjeldne kombinasjon av musikalitet, nærvær på scena og ikkje minst evna til å begeistre publikum med si stemmeprakt, gjer kvar konsert til noko heilt spesielt.
Korpset er som alltid opptekne av å løfte fram lokale solistar, og denne gongen har dei vore så heldige å fått med seg Håkon Rodvelt Anvik, Bjørn Viktor Giske og Emma Otterlei Sønderland. Korpset er i tillegg forsterka med fleire gjesteblåsarar og eit botnsolid komp.
Det kan også nemnast at det blir lagt opp til ei kort pause midt i konserten med moglegheit for å kjøpe forfriskingar.
Brattvåg janitsjar gler seg enormt til å dele denne kvelden med publikum, så folkens:
Bli med Brattvåg janitsjar og Inger Lise Hope til Broadway – vi garanterer for ei fantastisk reise!