Ingebrigt Davik 100 år // Jubileumskonsert!
Billettar
Om arrangementet
I 2025 ville Ingebrigt Davik blitt 100 år! Vi har mykje å takke Ingebrigt Davik for, og ønsker å hylle Ingebrigt med ein jubileumskonsert!
Ein kan kalle dette ein jubileumskonsert, ein kan kalle det ein Ingebrigt Davik hyllest. Denne kvelden har vi på scena nokre lokale artistar som vil framføre sine tolkningar frå Ingebrigt Davik sin rikhaldige musikalske katalog. Kanskje har artistae på scena blitt inspirert av Ingebrigt? I alle fall vil dei framføre si tolkning av Ingebrigt Davik musikk, i tillegg til nokre av sine eine songar.
Vi håper inderleg du vil være med å høyre historier og musikk frå Ingebrigt Davik sitt univers.
Her er aktørane som står på scena denne dagen:
Ola Bremnes - han er ikkje lokal, men ein kjend norsk artist, som har eit heilt spesielt forhold til Ingebrigt Davik. Sjølv er han kjend for sonngar som "Har du fyr", "Mi Pia, Din Gutt" og "Å kunne æ skrive"
Brother Egil And The Whobbly Moonshiners - Egil Davik, frå sjølvaste Fjørtofta er prismus motor for denne rocka gjengen. Dei syng på dialekt, om kvardagslege hendingar, smått og stort.
Harøykoret - Fjørtoftingen Lasse Larsson Fjørtoft er dirigent og kunstnarisk ansvarleg for denne gjengen, med koristar frå Fjørtofta og Harøya. Denne gjengen vil nok forvalte Ingebrigt Davik musikk med den største sjølvfølge.
Tennfjord Barnekor - leia av Gine Gaustad Anderssen. Ingebrigt Davik skreiv først og fremst musikk til born, så det var heilt opplagt at vi måtte ha med barnekor på denne konserten, så vi er veldig glade for å høre Tennfjord barnekor framføre "Første skuledagen"
Lina Taule Fjørtoft og Toivo Fjose - Desse to framfører mykje song og musikk i teaterstykket "Hit eit steg" og nokre av låtane toler vi å høre både laurdag og søndag.
Fjellyd og GLOW - Fjellyd er husbandet denne kvelden, og framfører i tillegg eigne tolkningar av Ingebrigt Davik. Fjellyd er Ivar Holsvik, Finn Gjerdrum, Bendik Valderhaug. GLOW har hatt konsert på Ingebrigt Davik-huset før, då også i lag med Fjellyd. Glow består av Vivi Jansen, Reidun Haram Longva og Kathrin Elisabeth Tennøy.
Meir informasjon kjem, men ikkje nøl med å sikre deg billett...