Idiotene på jobben 2
Billettar
Om arrangementet
Suksessføredraget er tilbake i heilt ny utgåve!
Endelig kjem oppfølgjaren til føredraget som har gått for fulle kulturhus dei siste åra. Utselt gong på gong – fordi alle har minst éin idiot på jobben. Per Henrik Stenstrøm leverer nok ein gong eit morosamt og tankevekkjande føredrag om arbeidslivet.
IDIOTENE 2 er proppfullt av nye historier og skråblikk som hjelper deg å forstå dei kollegaene du ikkje forstår deg på.
Showet tek opp alt som står i vegen for motivasjon på arbeidsplassen – enten det er irriterande kollegaer, håplause sjefar eller vanskelege kundar. Stenstrøm vitjar med sine føredrag nesten 150 arbeidsplassar kvart år, og denne kvelden får du hemmelegheitene som gir betre arbeidsmiljø. Og ikkje minst: Korleis vi kan bli kvitt baksnakking og surmuling på jobben!
Førre gong Stenstrøm vitja oss blei det utselt, difor er det lurt å sikre seg billettar NO!
Per Henrik Stenstrøm er ein av Noregs mest populære føredragshaldarar og har skrive bøkene «Irriterande kollegaer» og «Når sjefen er ein idiot».
Bli med på suksessen – her blir det både latter og aha-opplevingar!
