HyN + Brother Egil and The Wobbly Moonshiners

Om arrangementet

Vi inviterar til god gammaldags rockekonsert i Kulturstova 17.januar. Ein litt utradisjonell nyttårskonsert, men noko må ein gjere for å svi av litt ribbefeitt, og vår vri er ein dobbelkonsert med HyN og Brother Egil and The Woobly Moonshiners

HyN er eit litt vindskeivt orkester frå utkanten av Ålesund som speler rock med tekstar på dialekt. Medlemmane er stort sett gamle rockarar som ikkje veit når det er på tide å finne på noko anna. Låtane handlar ofte om dritver, alkohol, personleg økonomi og at mykje var bedre før i tida.

Bjørn Håheim – vokal/gitar

Øyvind Berbu – bass

Bjørn Gamlem – gitar

Alex Engeset – trommer

 

Brother Egil And The Wobbly Moonshiners er eit lokalt rockeband, med særleg hugnad i den litt seige sørstatsrocken, og vår lokale sunnmørske øya-dialekt. Etter å ha covra låtar av ulike band i sørstatsrock-sjangeren, fer bandet no i gong sørstatsrockefoten til folket med eigenlaga seige tonar.

Det siste året har BEATWM vore særs aktive med fleire konsertar. Dei har og vi har gjeve ut singlane «Tur», «Frimerke og saft», og «He`kje tid» , og den 17. Oktober slapp dei sin fjerde låt.  “Kom Heim”, som er ute på alle strøyme-tenester. Låta er ein seig hyllest til alle heimstadane våre, som ein kan fare heim til. For å finne ro, ta seg ein «kaffi-køpp», mimre over svunnen tid, og berre vere seg sjølv.  

BEATWM gleda seg stort til å spele i Brattvågen, og lova god stemning og «trøkk» frå scenå.

Egil Davik – bass og vokal

Ole Kristian Otterlei – gitar

Kenneth Lausund – tangentar

Kurt Idar Harnes – gitar

Yngve Nordtveit – trommer

 

Dørene åpnar kl 19:30

Konsertstart ca kl 21:00