THOMAS SELTZER // HVA NÅ, MITT ELSKEDE AMERIKA?

Om arrangementet

Verda dirrar no. USA står i sentrum, med Trump i spissen, eller er det Musk? Her kan du oppleve Thomas Seltzer, kjend frå NRK, komme med sine betraktningar. Foredraget er særs populært, og no kan du oppleve det i Brattvåg!

USA anno 2025: Eit gigantisk bilkræsj i sakte film. Eller ei stormakt som på dramatisk vis er i ferd med å finne opp seg sjølv på nytt?

For oss i Norge har dette enorme landet på den andre sida av Atlanteren blitt til ein endelaus thrillerserie. Ein serie som er både dramatisk, tragisk, komisk, spanande – og hjerteskjærande.

I dette foredraget vil Thomas Seltzer ta oss med på ei reise langs dei forskjellige vegane hans elskede fedreland kan gå i åra som kjem, og kva USA vil bety for resten av verda i framtida.

Kulturstova er åpen frå kl 18:00

Storsalen åpnar kl 18:30, foredraget startar kl 19:00.