Skrekkeleg Halloween-konsert // Brattvåg skulekorps & Brattvåg Janitsjar

Om arrangementet

Skrekkeleg Halloween-konsert i Brattvåg Laurdag 26. oktober klokka 18.00 brakar det laust i Ingebrigt Davik-huset når Brattvåg skulekorps og Brattvåg janitsjar slår seg saman for å gje deg ein Halloween-konsert du seint vil gløyme.

Det går rykte om at sjølve huset er heimsøkt av musikarane sine skrekkelege påfunn, og det blir spaning som under ei god, gammaldags spøkelsesvandring. ID-huset vil bli pynta frå golv til tak – både ute og inne – med skumle detaljar som får nakkehåra til å reise seg og skrika til å setje seg fast i halsen.

Når haustmørket har senka seg over Brattvåg, vil korpsa servere ei musikalsk oppleving som er ein ekte Halloween-fest verdig. Musikken blir både dramatisk, mystisk og fengande, og fleire av songane er henta frå kjende filmar eller seriar. Vi vil ta deg med på ei reise gjennom både skumle og stemningsfulle rytmar og tonar, og atmosfæren blir såpass intens at du vil kjenne det på kroppen. Buldrande akkordar vil få hjartet til å hamre, og dei lysaste tonane vil få det til å ile nedover ryggen.

Ikkje nok med det. Brattvåg drilltropp vil servere eit show som vil få deg til å lure på om drillstavane har blitt til tryllestavane til ekte hekser.

Og skulle du kjenne behovet for å roe nervane etter musikken og drilloppvisninga, kan du nyte nokre farleg gode Halloween-kaker eller andre godsaker. Og kven veit? Kanskje finn du ei kake som er så god at ho rett og slett er til å døy for.

Du må gjerne kle deg i noko skummelt, og hugs å ta med deg alle du kjenner til ein kveld vil som får hjartet til å hamre litt ekstra.

Vi sjåast i Ingebrigt Davik-huset laurdag 26. oktober klokka 18:00! Om du tør.