Enslaved // Support: Ilti Milta - Brattvåg
Billettar
Om arrangementet
ENSLAVED kjem til Ingebrigt Davik-huset, Brattvåg, HARAM! Musikken skildrast som ekstremmetal, og tekstane er prega av vikingkultur. På 2000-tallet fikk Enslaved Spellemannprisen i kategorien metal for fire album på rad! Dette blir ein heilt spesiell konsert, og kan ikkje samanliknast med noko vi har hatt her før. Support: ILTI MILTA!
Med over 30 års fartstid i bransjen, har Enslaved utvikla seg til eit band som ikkje berre har vore med på å gjere norsk metal til eit internasjonalt fenomen, dei har også kontinuerleg vidareutvikla sjangeren til nye og ukjente høgder. Gjennom åras løp har innslaget av progrock stadig blitt større utan at det har gått på bekostning av bandets særeigne signatur. Frå debuten med «Vikingligr Veldi», via klassikarar som «Frost» og «Isa», til siste album på stammen, «Heimdal», har Enslaved stadig åpna nye dører til eit publikum som stadig teller fleire hoder over heile kloden. Bandet var eit av dei første banda i sin sjanger som turnerte på eit globalt plan, noko som har vist igjen på Enslaved som konsertband. Der er dei blant dei fremste i klassen. Til hausten står eit få utvalgte konsertar i heimlandet på agendaen, inkludert ein førstereis til stormfulle Brattvåg.
Lineup: Ivar Bjørnson (guitar),
Grutle Kjellson (vocal & bass),
Iver Sandøy (drums),
Håkon Vinje (keyboard & vocal),
Ice Dale (solo guitar)
Support: ILTI MILTA!
Ein heilt spesiell bonus denne kvelden: Gamle Sandøy Kommune sitt kanskje mest legendariske undergrunnsband, sjølvaste ILTI MILTA har sagt ja til å riste seg ut av dvalen.
ILTI MILTA starta i 1988 av fire gutar mellom 14 og 16 år frå Sandøya og Harøya, med eit brennande ønske om å lage tøffare musikk enn nokon hadde laga utasunds før. I nokre intense år vart det kassettdemoar, avspeling på NRK, skriverier i undergrunnspressa, konsertar og mykje seinare; jubileums-LP i 2013.
Bandmedlemmane har sidan vore å sjå og høyre i ei rekke samanhengar rundtom, og når til og med Enslaved no kan skryte av å ha ILTI MILTA-trommis i lineup’en, so byrja tannhjula å knirke i knollen til bookingansvarlig på ID-Huset. Lang historie kort; ILTI MILTA sa ja, børstar støvet av thrash-klassikarane sine og legg seg i hardtrening til 1. november!
Bjørn Håheim - gitar og vokal
Ole André Farstad - gitar
Bjarte Sandøy Grønning - bass
Iver Sandøy - trommer
Bill. kr. 425,- + bill.avg.
Åpen bar i storsal, 2.etg og i Kulturstova i 3.etg
18 års aldersgrense med legitimasjonsplikt.
Vi har vergeordning for ungodom under 16 år, men dette må avtalast på forhånd. Send mail til post@idhuset for å få tilsendt vergeskjema.
Arrangementet har unummererte ståplassar.
Dørene åpnar kl. 19:30. Arrangementet startar ca.60 minutt etter dørene åpnar.
NB! Det anbefalast å komme i god tid før arrangementet startar då det kan bli kø.
Treng du skyss? Vi har publikumstransport: https://idhuset.no/article/tur-retur-buss-for-enslaved/