Elg m/band - Jul hos aille no
Billettar
Om arrangementet
ELG med band hadde julekonsert for full sal i 2018. Fleire har ønska han tilbake, og i år, 40 år sidan oppstarten av Dance With a Stranger, kjem han tilbake! Det er berre å glede seg!
For 9 året på rad tar ELG sin julekonsert ”Jul hos aílle no” på turne.
Juleturen avsluttast med den årlege SolSnu-konserten på Kulturfabrikken i Kristiansund vintersolverv 22. desember. Det heile starta som ein payback konsert til kirka.
Jul hos aille no´ er ein annleis julekonsert, med eit repertoar av kjente og kjære julelåtar frå Prøysen til Nat King Cole, frå folkemusikk til klassisk, frå country til pop. Dette, saman med originale ELG-låtar, blir ein stor og ny opplevelse å få med seg i førjulstida. Kanskje vil ELG sin juletur, i likheit med julehiten: Jul hos aille no`, hjelpe med litt ekstra julefred i førjul-stresset.
ELG tar fortsatt med seg stjernelaget på turné:
Inger Lise Bø – vokal
Inge Bævre – Gitarer og vokal
Kyrre Sætran – Bass og vokal
Trond Helge Johnsen – Gitar og vokal
Rune Tylden – Keybord
Simon Kongshaug – Trommer, perc
Freddy Bolsø – Trommer, perc
Kulturstova er opne frå kl 19:00