Danse med skjebnen // Teatret Vårt

Om arrangementet

Musikalsk reise basert på låtane til Dance With a Stranger

Vi er på ein ukjend stad ved havet. Den siste ferja har gått, men det er framleis lys i det 
slitne rommet. Her møtest tre menneske som søkjer seg bort og som lengtar etter noko dei 
ikkje heilt veit kva er.
Mannen kom akkurat for seint til siste avgang. Kvinna fyller opp kiosken sjølv om kundane er 
borte. Og ferjemannen dirigerer ein ferjekø tom for bilar. Det oppstår både humoristiske og 
underlege situasjonar når forsøka deira på å reise vidare stadig blir avbrote. 
I det nedlagde rommet har eit band blitt sitjande lenge og nesten blitt ein del av inventaret. 
Gradvis finn dei tilbake til samspelet når dei tre ukjende kjem inn og byrjar å nøste i 
musikalske minne. 
Danse med skjebnen er ei reise inn i eit mystisk og musikalsk univers der det kan vere uklart 
kva som er draum og kva som er verkelegheit. Stykket handlar om små forventningar som 
ikkje blir innfridde, og korleis ein kan kome seg vidare når alt verkar mørkt. 
Dance With a Strangers songar og musikk er ryggrada i musikkteaterstykket Danse med 
skjebnen. Med dei folkekjære songane sine og tre spellemannprisar, er Dance With a 
Stranger ein del av nordmørsk og norsk musikkhistorie. I Danse med skjebnen er songane 
gjendikta til dialekt av Eli Stålhand, og Vidar Kvalshaug har skrive ei ny forteljing.

 

Regi
Hanne Tømta

Tekst
Vidar Kvalshaug

Oversettelse sangtekster
Eli Stålhand

Scenografi og kostymedesign
Nora Furuholmen

Lysdesign
Jonas P A Fuglseth

Koreografi
Eli Stålhand

Musikalsk ansvarlig
Rune Tylden og Simon Revholt

Medvirkende
Eli Stålhand, Lars Melsæter Rydjord, Svein Solenes

Tangenter/kapellmester
Rune Tylden

Gitar
Øystein Sandbukt

Bass
Sindre Klykken

Perkusjon
Jo Inge Nes