Claudia Scott & Torstein Flakne

Om arrangementet

Velkommen til ein konsert med ein duo beståande av eit popidol, og ei rocka americana stjerne! Vi får servert mange gode historier frå eit langt turnèliv, og vi får høre den beste musikken frå deira innhaldsrike karriærer.

Første gang Torstein Flakne, og Claudia Scott stod på ei scene saman var under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1986. Med sangen ‘Rock’n’Roll Band’, skrevet av Claudia og Torstein, serverte dei kanskje Melodi Grand Prix’s mest rockete innslag nokonsinne.
Det hende i Stavanger, Claudia var artisten, backing-bandet var Torsteins Stage Dolls supplert med Ronni Le Tekrø.
Det blei ein 3-minutts vill fest der det låg att øydelagde gitarar og pyrobomber på scena etterpå.
- Kanskje like greit vi ikkje vann, da hadde det blitt månelyst, ler Claudia.
Sidan har desse to etter kvart meritterte artistane blitt to av våre mest folkekjære.
Torstein Flakne, primus motor i The Kids og Stage Dolls. Rekka av kjende låtar han har stått bak og vore involvert i er endelaus. Nyleg blei han også innlemma i Rockheim Hall of Fame saman med resten av Stage Dolls.
Claudia Scott, ein av våre mest betydningsfulle artistar innan countryrock og americana, eit førebilete for ei rekkje av landets yngre artistar i sjangeren. 2 Spellemannprisar har ho også tatt med seg på ferda, i tillegg til ei rekkje soloalbum for et stadig større trufast publikum.
Desse to har no altså slått sine gitarar og stemmer saman og du kan oppleve dei i ein akustisk setting der dei framfører sine velkjende låtar blanda med gode historier fra vegen.
-I år har vi 35 års jubileum for første gong vi opptrådte saman, og det må markerast, seier Torstein. Vi har hørt på kvarandres låtar, kome med innspel her og der, og resultatet har blitt utroleg bra. Vi gleder oss som småungar til å framføre dei for vårt publikum.
-I tillegg er vi veldig glade i å mimre litt, fortelle artige historier og anekdoter frå eit etter kvart innholdsrikt liv som artistar. Æ glær mæ, humrer Torstein.
Og «vi glær oss» vi og, dette blir stas å få oppleve.