A Sky Full of Stars – A Coldplay Tribute, m/Bjørn Viktor og Brattvåg janitsjar

Om arrangementet

Brattvåg janitsjar har dei siste åra fått jobbe med nokre av dei største vokalistane landet har å by på – Adam Douglas, Ole Børud og no sist Inger Lise Hope. Men midt i all denne musikalske stjernedrysset, finst det ein lokal vokalist vi set enorm pris på: vår eigen Bjørn Viktor Giske.

Bjørn Viktor er ein av dei dyktigaste vokalistane vi kjenner, og no er det endeleg hans tur til å stå heilt i sentrum. Coldplay har alltid vore eit band han elskar – og vi elskar Coldplay. Difor ville vi skape noko heilt spesielt: ein hyllest til musikken vi alle har eit forhold til, med Bjørn Viktor som stjerna i eit varmt, kraftfullt og storslått musikalsk univers.

Som ein ekstra bonus blir det også eit triveleg gjensyn med nokre av låtane Bjørn Viktor har sunge saman med Janitsjaren tidlegare – men hovudfokuset og majoriteten av konserten er sjølvsagt Coldplay sitt unike songunivers.

For å sikre oss dei beste arrangementa, har vi igjen fått med oss vår gode ven, den australske komponisten og arrangøren Daryl McKenzie, som har arrangert musikken spesielt til oss. Resultatet blir ei unik Coldplay-oppleving der eit stort orkester, band og vokal smeltar saman til ein magisk konsertkveld.

Kapellmeister for prosjektet er Frank Harneshaug.

Dette er rett og slett eit draumeprosjekt – ein kveld vi knapt kan vente med å dele med eit stort publikum i ID-huset. Vi lovar energi, nærleik, store kjensler og ei stjerne som skin litt ekstra sterkt akkurat denne kvelden; vår eigen Bjørn Viktor Giske.

Ønskjer du ein ekstra fin start på kvelden? Før konserten tilbyr vi A Sky Full of Stars – Premium Experience med tapas, drikke og møte med artistane. Les meir og kjøp billett her:

https://idhuset.no/janitsjar-vip-ikkje-bekrefta-yy2o8h5/#tickets