Bjørn Tomren - Jul på godt og vondt
Billettar
Om arrangementet
Bjørn Tomren, som vart folkeeige og omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene» etter seieren i 2021, legg ut på juleturné igjen! Fjorårets turné, «Med et anstrøk av jul», vart ein kjempesuksess. Konserten blei spelt for fulle hus frå Kristiansand i sør til Harstad i nord, og tilbakemeldingane og jubelen frå publikum var klar: Dette måtte gjentakast!
Årets turné, «Jul på godt og vondt», vert spelt frå 21. november til 21. desember, og Bjørn Tomren og bandet hans er innom 23 byar og spelestadar før dei vender nasen heimover igjen. På vegen skal dei gjere sitt ytterste for å gi det norske folk eit forsiktig snev av julestemning, med eit variert repertoar og lune, morosame historier, levert på måten berre Bjørn Tomren kan.
På scena:
Bjørn Tomren
Edvard Mjanger – bass
Hans-Olav Molde – trommer
Einar Sogstad – tangenter
Dette sa publikum etter konsertane i fjor:
«Utradisjonell julekonsert som viser hvilken tusenkunstner Bjørn Tomren er. Følelsesregisteret mitt gjennom konserten gikk fra måpende og forundret via rørt til lattermild» – Sissel, Os
«Bjørn Tomren lager konsertmagi med sin humor, sin enorme musikalitet og sitt personlige uttrykk. Konserten var et høydepunkt og jeg anbefaler konserten på det varmeste til hvem som helst.» Vigdis, Husnes
«En fantastisk konsert. Den desidert beste «julekonserten» jeg noensinne har vært på». Lars-Inge, Bømlo
«Flott konsert! Tomren har ei utruleg stemme, artig humor og han kan sjonglerer - kva meir kan ein ynskje? Når han i tillegg har med seg tre framifrå musikarar vert det rett og slett heilt prima!» Connie, Førde
«Det er utrolig lenge sia jeg har ledd så mye!! En herlig bisarr humor! Ingen gikk sure derfra.» Tore, Stokmarknes