Bjørn Tomren prøver så godt han på Ingebrigt Davik-huset

Om arrangementet

Bjørn Tomren prøver så godt han kan – Soloturné Vår 2026

Med si einesteståande stemme, musikalitet og surealistiske fortellerkunst legg Bjørn Tomren ut på turné med nye og gamle landeplager. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar, strupesang, Americana, jazz, middelalderballader, jodling, psykedelisk protest musikk, til viser så lavmælt at du først merkar dei på vei heim.

Sidan 2019 har Tomren gitt ut tre kritikerroste album. Hausten 2021 blei han heile Norges favoritt i NRK-konkurransen «Stjernekamp», og blei omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp si historie». Deretter fulgte omfattande turnéar med utsolgte konserthus over heile landet. Den siste tida har han også bemerka seg som skodespelar i NRK-serien «Våre beste år».

Utanfor scena er Tomren ein eventyrar med verdensrekord i «Norge på langs-turar»; I kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også vise til ei kort karriere som klovn.

Erlend Loe sa ein gong: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme, han kan også sykle på eitt hjul.»

Velkommen på konsert!

Baren og kultustova åpnar kl 19:00

Konsertstart kl 20:00