Bjørn Tomren

Om arrangementet

90 minutter du aldri får igjen

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Norge som den mest særegne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid rukke å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». 

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjent fra den notoriske jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som blant annet har varmet opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv «Kunsten å jodle». I 2019 ga Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus. 

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk. 
Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdensrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. 

Han kan også sjå tilbake på ei kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det: 
«Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul». 

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen kvar Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han på verdsmeisterskapet i strupesang i Tuva, og tok heim ein bronsehest.