BERNHOFT - Avenue of Loveless Hearts Turné // Brattvåg

Om arrangementet

BERNHOFT - Avenue of Loveless Hearts Turné // Brattvåg Bernhoft kjem med fullt band, og vi er sikre på at dette blir ein av dei verkeleg store konsertstundene her på ID-huset!

Jarle Bernhoft, ein gudbenåda gitarist, låtskrivar, artist og usedvanleg likandes kar frå Nittedal, like nord for Oslo. Denne kritikarroste og prisvinnande publikumsfavoritten har ei samling krittsterke skiver og utselde turnèar bak seg. Dei siste par åra hr det norske publikum fått anledning til å bli betre kjent med mannen bak musikken - og brillene - gjennom TV-suksessen "Hver gang vi møtes" og som mentor i årets "The Voice".

Hausten 2023 er det duket for Bernhofts sjette studioalbum "Avenue of Loveless Hearts" og i den anledning tek han med seg bandet på tur for å spele nokre av låtane frå det nye albumet i godt selskap med låtar frå heile hans katalog. Denne turnèen vil ha ein litt annan følelse enn tidlegare Bernhoft turnèar, då han vil spele for eit sittande publikum og legge meir vekt på dei akustiske og organiske låtane i katalogen.

Konsertstart kl 20.00

Dørene opnar kl 19.00

Kulturstova er open både før og etter konserten.